Dugnad

Laurdag den 9.11.2013 var det ein liten dugnad på rydding av bakplassen. Det var Torill som tok initiativ, da me oppdaga at Sydnes og nøstet velforening skulle avhalda dugnad same dag.

Dette er ikkje fyrste gongen me har dugnad saman med velforeninga. I fjor var me ein dag forseinka, me oppdaga dugnaden på laurdagen og hadde vår eigen dugnad på sundagen. Fordelen med å ha dugnad samtidig er at me kan får BIR til å henta vårt avfall samtidig som dei hentar avfallet til velforeninga.

Sidan det var ganske kort varsel tok me oss ikkje bryet med å henga opp eit oppslag. Det blei derfor berre to deltakarar frå styret: Torill og Eirik.

Torill tok ansvar for rydding av rosebed.

Etter å ha jobba i ca 3 timar hadde me fylt 22 sekker med lauv.